Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum samansett av fleire etablerte museum i regionen. 

Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og avdelingane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eitt av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. 

Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturutrykk fra fortid og samtid. Våre verdiar er truverdig, raus og engasjert. Me har over 50.000 gjenstandar, 133 kulturhistoriske bygg og 4 verna fartøy, kor alle har ein historie å fortelje. Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, regionalt og internasjonalt. 

Me opnar dørene for om lag 60.000 besøkande årleg og med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der alle er velkomne til å studera, oppleva og finna utfordringar. 

Museet er samansett av Hardanger fartøyvernsenter, Kunsthuset Kabuso, Hardanger folkemuseum, Agatunet, Voss folkemuseum, Hardingfela.no, Granvin bygdemuseum, Skredhaugen og Storeteigen.

Ynskjer du å være med på å bevaringa og formidlinga av kulturhistorien? Hardanger og Voss Museum har nå ledige stillingar ved Hardanger og Voss museum, Hardanger fartøyvernsenter og Hardanger folkemuseum og Agatunet. Les meir om dei ledige stillingane nederst på siden.

 

Me har fått besøk av direktør Åsmund Kristiansen som fortel oss om meir Hardanger og Voss museum sitt viktige arbeid og alle mogligheitene hos dei. Høyr på podkasten her:

 

 

Hardanger og Voss museum er  samansett av Hardanger folkemuseum, Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og Kunsthuset Kabuso.

Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og avdelingane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eitt av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionsmuseum for dei fire Hardangerkommunane og Voss herad. For meir informasjon, sjå hardangerogvossmuseum.no

Stillinger ute nå

Kunde Stilling Søknadsfrist Arbeidssted  
Stilling: Økonomi- og administrasjonsleiar Søknadsfrist: Snarest Arbeidssted: Norheimsund Mer info