FredagKvartOverTo


Av Åse Velure
Publisert 05-01-2018 på LinkedIn


Nokre år tilbake jobba vi mykje med store og inspirerande mentoringprogram. På programma oppfordra vi alltid adeptar og mentorar til å samla «data» om eige leiarskap for å få auka innsikt i kva som kunne vera god utvikling vidare. Vi kalla det FredagKvartOverTo. Ved inngangen til 2018 er det mi vesle gåve til deg.

FredagKvartOverTo

Hmm, kanskje det? Ja, det kan eg jo prøva. Bestem deg. Få deg ei lita notisbok, bruk mindmap eller dine gode hukommelse. Start å samla fakta. Oppturar og utfordringar frå siste veka. Kva skjedde? Kven var involvert? Korleis handterte eg det? Kva var bra? Kva var uventa? Kva var mindre bra? Høg puls og låg puls. Kva konsekvensar fekk det?

Gjer det på din måte på ditt tidspunkt. Gjer det til ein vane. Nye vanar er ikkje enkle å etablera, ennå mindre å endra. Får du til FredagKvartOverTo, oppnår du begge deler. Gi deg sjølv nokre veker, ein månad. Les gjennom. Kva er som går igjen? Sjå etter autopiloten. Sjå etter mønster. Sjå kva det gjer med folka rundt deg. Kva gjer det med organisasjonen? Noter vidare. Les gjennom. Reflekter.

Snart er du på ekte reise i eige leiarskap. Refleksjon over fakta gir deg innsikt i gode og mindre gode måtar å møta situasjonar på. Innsikt kan fort inspirera. Korleis kan eg møta og meistra situasjonar og folk på ein betre og meir konstruktiv måte? Kva kan eg gjera annleis? Kva kan vi gjera annleis? Du utviklar deg som din eigen rådgjevar. Og du ser verdien av å inspirera andre til sin utvikling. Det er ekte leiarskap det.

Som leiarar treng vi å stoppa opp for å klara å registrera og forstå kva som eigentleg skjer med oss og rundt oss. Vi treng rett og slett litt ro og avstand. Med FredagKvartOverTo tar du eit lavterskel steg til sides frå hurlumheien. Du får sortert og du ser gjerne noko nytt. Da er du tryggare til å eksperimentera og testa ut. Det kan fort gå godt.

Så kvifor ikkje starta første fredag i 2018 med ‘FredagKvartOverTo’? Lykke til!

Åse Velure

Åse Velure: Konsulent siden 2001 innen organisasjon, ledelse og forretningsprosesser. Hun jobber med rådgivning og coaching for ledere og nøkkelpersonell, ledegruppeutvikling, organisasjonsgjennomgang og styrearbeid. Åse er utdannet siviløkonom fra NHH og Master of Management fra BI. Hun har lang og omfattende ledererfaring fra offentlig sektor og IT-bransjen.