Frisk organisasjon? Kommunikasjon!


Av Åse Velure
Publisert 02-01-2018 på LinkedIn


Det er med organisasjonar som med oss menneske, helsa varierer. Og heldigvis, mange organisasjonar er det eg vil kalla sunne. Måla er klare og strategien virkar, det er flyt og selskapet leverer på sine ulike måltal. Gode strukturar og avklarte roller. Den enkelte og teama får utfordringar og sjølvstende, noko klartenkte leiarar veit fører til engasjement og trivsel. Leiarar veit at dei må halda eit årvakent blikk på kva som er viktig å halda i ro, og kva som er naudsynt tilpassing til nye vilkår. Og dei gjer det på lag med dei tilsette. Sjølvsagt er det stor variasjon, og ganske sikkert noko å finna av det mindre sunne i eitt og anna ledd i dei fleste organisasjonar. Men lyttar du godt til folka i ein frisk organisasjon, så er det neppe dårleg kommunikasjon som slår deg. Det er heller det motsette. Berre lytt ekstra godt etter neste gong.

I arbeidet mitt møter eg også organisasjonar som ikkje virkar like friske. Det synes å vera vanskeleg å tenkja klart og sjå klart kva som er god strategisk utvikling og naudsynte aksjonar. Kanskje smerter i både struktur og kultur. Her er faren stor for at verdiskapinga går tapt i ineffektivitet, svak samhandling, frustrasjon og dårleg arbeidsmiljø. Vi ser at leiarskap og organisasjon famlar. Biletet bakom er ofte komplisert og det er sjeldan éi årsak eller éi løysing. Og vi ser og lyttar til det dei har på hjarta. Språket, og kroppsspråket uttrykkjer meir frustrasjon. Det er angrep og forsvar. Kort. Taust. Eller heftige verbale skot i leiargruppa og andre stader.

Her vil våre observasjonar og det vi høyrer, om ulikt i ståstad, innhald og framføring, formidla eit bilete av ei svekka organisasjonshelse. Så kjem det som gjer dette ekstra utfordrande. Måten ein kommuniserer på, vil over tid, i seg sjølv, skapa ytterlegare avstand mellom folk, auka friksjonen og gjera arbeidsdagen ennå meir traurig. Det usunne vert forsterka når vi mister det viktigaste verktøyet vi har – evne til god kommunikasjon.

Så kva kan leiarar gjera for å forebygga og jobba for god helse i organisasjonen? Det er uendeleg mykje! Men skal eg gi éitt og berre éitt råd til leiarar og leiargrupper, så er det

Tren teamet på ekte kommunikasjon!

  • Still spørsmål. Forstå andre sine synspunkt og intensjonar. Lytt til tilsynelatande kritikk. Lytt til stemmene som har andre syn enn deg.
  • Utfordra kvarandre når de oppdagar ikkje-ønska hendingar eller fornemmer symptom. Ta tak. Sjekk ut.
  • Og ikkje overlat dette til kranglefanten – sørg for at alle kan vera både utfordrande og lyttande.

Dette er gullgjev kompetanse i leiarteamet, og eitkvart anna team, når ein ubalanse kjem snikande på eller når noko uventa og komplekst dukkar opp. Da er de topp trena på å meistra nett det. Og i smått og stort er konklusjonar trukke av eit kollegium det beste utgangspunktet. Det ein har forstått i fellesskapet gir gode odds for å god handtering vidare.

Det er språket og kommunikasjonen vår som kan hela – eller gjera sjukare. Mister vi evna til å lytta og reelt utfordra kvarandre, kan vegen vera kort til eit tyngre sjukdomstilfelle. Ved å trena kommunikasjonsmuskelen i teamet, er de betre rusta òg om helsa skrantar.

Vil du lesa meir om dette, ta gjerne for deg Endre Sjøvold si bok Resultater gjennom team, stikkord opposisjon og konstruktiv konfrontasjon.

Lykke til! Og god helg!

Åse Velure

Åse Velure: Konsulent siden 2001 innen organisasjon, ledelse og forretningsprosesser. Hun jobber med rådgivning og coaching for ledere og nøkkelpersonell, ledegruppeutvikling, organisasjonsgjennomgang og styrearbeid. Åse er utdannet siviløkonom fra NHH og Master of Management fra BI. Hun har lang og omfattende ledererfaring fra offentlig sektor og IT-bransjen.