Årdal Boligbyggelag og Garanti Eigedomsmegling Indre Sogn søkjer dagleg leiar

Dagleg leiar Årdal Boligbyggelag

Vil du leie utviklinga av framtidas boligbyggelag i årdalssamfunnet? 

Vår noverande leiar skal gå av med pensjon frå nyttår. Me søkjer difor etter ein ny leiar som har ønskje om å utvikle Årdal Boligbyggelag (ÅBBL) vidare.

Som dagleg leiar i ÅBBL vil du få eit operativ ansvar for drift og utvikling av verksemda. Du får ei allsidig og spanande leiarrolle i eit boligbyggelag som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Du vil rapportere til styreleiar.

ÅBBL forvaltar 33 burettslag som utgjer tredjedelen av bustadmassen i Årdal. Du blir leiar for 14 tilsette, fordelt på Garanti Eiendomsmegling Indre Sogn, teknisk drift, reinhald og vaktmeisteravdeling. Årdal Reinhaldsservice AS er ei heileigd verksemd av ÅBBL. 

Mei leitar etter deg som har kjennskap til burettslag og boligbyggelag. Du ynskjer å vere ein inkluderande, involverande og synleg leiar. Det er ynskjeleg at du er ein samfunnsengasjert leiar med visjonar for verksemda og lokalsamfunnet.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Overordna og heilskapeleg leiar- og resultatansvar
  • Ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap og prognose) 
  • Forvaltning av burettslag og yte god service til medlemmane
  • Eigedomsmekling
  • Gå føre som eit godt eksempel i det daglege arbeidet 
  • Prosjektleiing
  • Personalansvar og medarbeidarutvikling 
  • Rapportering til styret 

YNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR:

  • Høgare relevant utdanning
  • Du har erfaring som leiar og / eller erfaring med prosjektleiing, sal, mekling o.l. 
  • God økonomiforståing
  • Klar forståing for digitalisering
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk, skriftleg og munnleg

ME SØKJER DEG SOM:

  • Er samfunnsengasjert og fellesskapsorientert – og har visjonar for verksemder og lokalsamfunnet 
  • Kan leie, løfte og samle personalressursane
  • Har vilje og evne til å setje deg inn i dei ulike avdelingane sine oppgåver, og ta del i desse 
  • Har ein involverande og inkluderande leiarstil
  • Har gode evner til kontaktskaping og samarbeid med andre aktørar i samfunnet
  • Er god til å kommunisere 

ME TILBYR: 

  • Interessante og allsidige leiaroppgåver i ei sentral verksemd i årdalssamfunnet
  • Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold
  • Vakker og vill natur. Me held til i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo. Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn.

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller researcher Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541.

Vis interessa for stillinga ved å registrere din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ynskeleg.

Søknadsfrist: 31. mai 2022 – søknader vert vurderte fortløpande. 

Tiltredelse etter nærmare avtale.