Årdal kommune søkjer ein strategisk og engasjert kommunalsjef – oppvekst, frivilligheit og kultur
Som kommune speler me ei sentral rolle i kvardagen og livskvaliteten til innbyggjarane våre. Ansvaret vårt er å leggja til rette for gode og samanhengande tenester som møter menneska der dei er.
Årdal er ein teknologikommune med sterke fagmiljø, eit levande lokalsamfunn og nasjonalpark rett utanfor døra. Me trur på styrken i eit inkluderande lokalsamfunn som fundament for livskvalitet, og søkjer deg som vil bidra til at Årdal held fram med å vera ein god stad å veksa opp, leva og bu.
Me ser etter ein strategisk, tydeleg og samlande kommunalsjef for oppvekst, frivilligheit og kultur, som ynskjer å delta aktivt i dei omstillingane kommunen står i og ta del i ansvaret for viktige samfunnstenester. I denne sentrale leiarrolla får du ansvar for ein stor og mangfaldig sektor: grunnskule, barnehagar, vaksenopplæring, PPT, barnevern, kulturskule, bibliotek, fritidsklubb, frivilligsentral og idrett. Saman skal me løysa viktige oppgåver – frå førebyggjande arbeid retta mot barn og unge til eit rikt kultur- og fritidsliv for heile lokalsamfunnet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- du har det overordna ansvaret for tenestene innanfor oppvekst, frivilligheit og kultur
- du inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ei sentral rolle i den strategiske utviklinga av kommunen
- du driv aktivt endrings- og omstillingsarbeid i tråd med kommunen sine demografiske utfordringar
- du har det overordna resultat-, budsjett-, fag- og personalansvaret
- du utarbeider avgjerdsgrunnlag og representerer kommunedirektøren i møte med politisk nivå og sørgjer for god informasjon og innsikt begge vegar
Din profil
Vi ser etter deg som har lyst til å gjere ein skilnad for barn, unge og heile lokalsamfunnet i Årdal. Du er ein leiar som skapar retning og driv utvikling, samstundes som du er til stades, lyttar og byggjer tillit rundt deg.
Vidare ser vi for oss at du
- har relevant høgare utdanning
- har solid leiarerfaring og kjennskap til kommunal verksemd
- har gjennomført endringsarbeid og handtert komplekse prosessar
- byggjer tillit og relasjonar internt og eksternt
- har god økonomiforståing og evne til å prioritere riktig
- er utviklingsorientert og ser moglegheitene i digitalisering
Kvifor Årdal kommune?
Årdal er ein nasjonalparkkommune med sterke fagmiljø, rikt kulturliv og Jotunheimen rett utanfor døra. Her får du ei samfunnsviktig leiarstilling med reelt handlingsrom – der du kan setje retning, sjå konkrete resultat og bidra til heilskapleg utvikling på tvers av tenester
Denne rolla er ein samfunnsviktig leiarstilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas tenester. Du blir ein del av kommunen sitt strategiske utviklingsarbeid og får konkurransedyktige vilkår med offentleg tenestepensjon, gode forsikringsordningar, moderne kontorfasilitetar og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.
Søknadsfrist: 3.juli – søknader vurderes fortløpende.
Ynskjer du mer informasjon om stillinga?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgiverne
- Sarya Aydilek, tlf. 908 06 003
Registrer og send inn CV og søknad snarest, og husk å legge ved alle relevante attester og vitnemål.
Oppstart etter avtale.
