Årdal Utvikling søkjer handlingsorientert og engasjert rådgjevar

Rådgjevar Årdal Utvikling

Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og Indre Sogn? 

Grunna stor aktivitet i arbeidet med gjennomføring av strategisk næringsplan, søkjer Årdal Utvikling etter rådgjevar i fast stilling. 

Som rådgjevar i Årdal Utvikling vil du bidra til ei bærekraftig næringsutvikling. Vi jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv. For å lukkast i denne jobben er det avgjerande at du evner å utvikle gode relasjoner til viktige aktørar i vår region. 

Les gjerne meir om Årdal Utvikling sitt arbeid i årsrapporten for 2018.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Utarbeide og gjennomføre prosjektplanar for utvalde prosjekt
  • Saman med næringslivet utarbeide søknadar innanfor rammene av regionale og nasjonale tilskotsordningar
  • Rettleie etablerarar i å utarbeide forretningsplanar 
  • Rettleie lokale verksemder/etablerarar med prosjektsøknadar 

ØNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR:

  • Høgare relevant utdanning, fortrinnsvis innan økonomi-feltet
  • Fordel med erfaring frå industrien
  • Ønskjeleg med erfaring frå utviklingsprosjekt
  • Kunnskap om å etablera og utnytta resultatorienterte nettverk
  • God til å kommunisere på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg 

VI SØKER DEG SOM:

  • Er ambisiøs, effektiv og resultatorientert
  • Er handlekraftig og tilpasningsdyktig
  • Er entusiastisk og energisk
  • Er ein god relasjonsbyggar 

Du får ei viktig rolle i eit miljø prega av utvikling, kreativitet og fleksibilitet. Vi kan tilby konkurransedyktig løn og pensjon-, forsikring- og personalordningar. Arbeidsstad vil vere i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen i Sognefjorden og Jotunheimen som næraste nabo. Årdal og vår region byr på unike friluftstilbod heile året. Vi oppfordrar kvinner til å søkja.

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. +47 411 02 200, rådgjevar Tina Lønning, tlf. +47 975 83 359, eller researcher Kristine Valen, + 47 926 94 052.  

Vis interessa for stillinga ved å registrera din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handtert konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innledande fase dersom det er ønskeleg.

 

Søknadsfrist: 9. oktober 2019 – søknader blir behandla fortløpande. 

Tiltredelse etter nærmare avtale.