Bjørnafjorden kommune søkjer fagleiar byggesak

Fagleiar byggesak Bjørnafjorden kommune

Ønskjer du ei spennande leiarstilling i ein kommune i vekst?

Bjørnafjorden kommune søkjer nå ein dyktig fagleiar til vår byggesaksavdeling. I rolla som fagleiar vil du få ein spennande kvardag der fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar står sentralt. Du vil leia ein avdeling beståande av 8 høgt kvalifiserte tilsette som inngår i eit av regionens største fagmiljø innan plan og bygg.  

Stillinga rapporterer til plan- og byggesakssjef. 

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

Som fagleiar for byggesak vil du og få eit overordna ansvar for å halde avdelinga oppdatert på ny utvikling innan plan- og bygningsretten, og sikre effektiv utnytjing og organisering av ressursane i avdelinga. Stillinga har fagansvar for bygge- og delesaker, inkludert tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak som ligg under samme avdeling. 

Andre sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver vil vere:

  • dagleg leiing av ressursane på avdelinga, med utgangspunkt i lovpålagte krav og politiske prioriteringar.
  • godkjenning av vedtak og politiske saker
  • ansvar for utvikling av retningslinjer og arbeidsrutinar for byggesaksavdelinga
  • ansvar for fagleg utvikling i avdelinga
  • førebu saker til politiske utval
  • skriftleg og munnleg kommunikasjon med profesjonelle søkjarar, grunneigarar, naboa

ØNSKTE KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR

Vi ser etter deg som har nokre års relevant erfaring frå byggesaksbehandling og høgare relevant utdanning. Vi trur at vår nye fagleiar for byggesak er ein engasjert person som er løysningsorientert og kommuniserer godt både internt og eksternt. 

Vidare ser vi for oss at du har

  • God kjennskap til relevante lovverk, særleg plan- og bygningslova
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, med fokus på klart språk
  • God digital kompetanse
  • Langvarig relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt  i vurderinga. 

KVIFOR BJØRNAFJORDEN KOMMUNE?

  • Fagleg spanande oppgåver og eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Ei hektisk kvardag i ein kommune i kontinuerleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
  • Fleksitidsordning

Søknadsfrist: 12.08.2023 – vi vurderer søknader fortløpande.

ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA? 

Ta kontakt med vår rekrutteringspartnarr HAMNØY AS  ved rådgjeverane

  • Lisa Røgelstad, tlf. 466 51 199
  • Allette Solberg, tlf. 900 20 132

Vis di interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Bjørnafjorden kommune  i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Tiltreding etter avtale.