Bremnes Seashore søkjer senior IT-konsulent

Senior IT-konsulent Bremnes Seashore

Bremnes Seashore er på jakt etter ein senior IT-konsulent til vårt hovedkontor på Bømlo eller vårt kontor i Bergen sentrum. 

 Som Senior IT-konsulent hos oss vil du vil få moglegheiter til å jobba med eit breitt område i heile verdikjeda til Seashore konsernet. Du vil få moglegheit til å jobbe innanfor fleire spanande IT-fagområde og i stor grad kunne påvirke din eigen jobbkvardag. Du vil få reisa litt, vera ute på sjøen i båt og jobba med mange spanande prosjekt. 

 Vi ser etter deg som er svolten på nye utfordringar, trivs i ein travel kvardag og vil bidra til framtidsretta løysingar hos eit av dei mest innovative selskapa i bransja. Du likar å arbeida i eit sjølvstendig og sjølvgåande team, der medarbeidarane har stor grad av påverknad. For oss er det viktig at du brenn for fagområdet, og at du har fokus på tryggleik, kvalitet og utvikling.

 ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Drift og vedlikehold av lokale datasentre og IT-infrastruktur basert på Windows og Linux Servere, Active directory og VMware 
  • Drift av komplekse nettverk både på land og sjø 
  • Applikasjonsdrift
  • Prosjekt oppfølging og prosjektleiing

ØNSKA KVALIFIKASJONER:

  • Relevant utdanning innanfor IT. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning. 
  • Stillingen krever minimum 5 år med relevant erfaring innanfor eit eller fleire av områda infrastruktur, nettverksadministrator, systemadministrator.
  • Førerkort klasse B
  • Gode språkkunnskapar på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

PERSONLIGE EIGENSKAPAR:

  • Du har gode kommunikasjonsevner og samarbeider godt med andre
  • Du er engasjert i nye utfordringar
  • Du er strukturert og resultatorientert
  • Du har god teknisk innsikt og evne til å tenke logisk

Arbeidsplass er ved vårt hovedkontor på Bømlo eller ved vårt kontor i Bergen sentrum.  Vi tilbyr ein spanande moglegheit i ein organisasjon med gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg. Vi har konkurransedyktige vilkår og betingelser, gode pensjons- og forsikringsordningar og god fleksibilitet.

 

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevar Lisa Røgelstad, tlf. 466 51 199, eller rådgjevar research & analyse Anna Froestad, tlf. 984 38 273.

Vis di interesse for stillinga ved å registrera din CV og søknad snarast. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskeleg. 

Søknadsfrist:  Snarest.