Byrået Sydvest søkjer utviklingsorientert dagleg leiar

Dagleg leiar Byrået Sydvest

Byrået Sydvest har vind i segla og er på full fart inn i framtida. No ser me etter ein ny dagleg leiar som vågar å bryta bølgjer og sette ny kurs for selskapet.

Me ser etter deg som kan vise til gode resultat som leiar og har klare tankar om korleis du vil bidra til å utvikla Byrået Sydvest inn i framtida. Du må kunne kombinera strategisk tenkning med stor gjennomføringskraft. Som dagleg leiar får du overordna ansvar for drift og utvikling av Byrået Sydvest og du vil ha tilsette, styret og eigarar i ryggen for å lukkast i jobben som leiar. Du vil få stor fridom til å utvikle din personlege kompetanse innan strategi- og forretningsutvikling.  

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Overordna ansvar for drift og utvikling av verksemda fra A-til-Å
  • Vidareutvikla selskapet inn i ei ny tid og mot nye mål
  • Relasjonsbygging med kunder, leverandørar og samarbeidspartnarar
  • Tett samarbeid med eit ambisiøst styre

ØNSKA KVALIFIKASJONER:  

  • Relevant høgare utdanning/bakgrunn
  • God økonomiforståing
  • Gode formidlingsevner muntleg og skriftleg

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Forretningsforståing
  • Kundeorientert
  • Lagspelar

Byrået Sydvest har moderne kontorlokaler på Heiane på Stord.

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Espen Gismervik, tlf. +47 412 49 465, eller rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200.

Vis di interesse ved å registrere CV og søknad snarast, samt attestar og vitnemål.  Alle vil bli behandla konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: Snarest

Tiltreding: Etter nærare avtale.