Dekan ved Avdeling for mediefag – st. nr. 19/2020

Dekan for mediefag Høgskulen i Volda

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig stilling som dekan ved Avdeling for mediefag. Stillinga er på åremål i fire år frå 1.9.2020.

Høgskulen er inne i ei spanande utvikling med fleire studentar, stor byggeaktivitet, altomfattande digitalisering og stadig høgare krav til kvalitet, samarbeid og samhandling både internt og eksternt. Vi treng difor engasjerte leiarar som kan gjere høgskulen til ein endå betre leverandør av kompetanse til offentleg og privat sektor.

Høgskulen i Volda ligg ved dei majestetiske Sunnmørsalpane, midt i regionen der Kvivsvegen og Eiksundsambandet har bidrege til utvida bu- og arbeidsmulegheiter. Med rundt 4.500 studentar og 350 tilsette er høgskulen den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

Høgskulen i Volda er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal og tilbyr fag- og profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå for skule- og barnehage, velferd, media og kultur.

Dei strategiske hovudsatsingane er grunnskulelærarutdanninga, yrkesretta medieutdanning, nynorsk språk og litteratur, fleksible utdanningstilbod og ph.d. i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde.

Avdeling for mediefag

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største mediefagmiljø med omlag 65 tilsette og omlag  620 studentar. Vi tilbyr seks bachelorutdanningar i mediefag, ein mastergrad og vidareutdanning i digital kompetanse i læring. Avdeling for mediefag planlegg å flytte inn i nytt mediebygg i 2021.

Ansvarsområde

Dekanen har det overordna faglege og strategiske ansvaret for avdelinga sine oppgåver innan utdanning, forsking, utvikling og formidling. Det er dekan sitt ansvar at avdelinga sine mål og strategiar er i samsvar med organisasjonen sine. Dekan har ansvar for studiekvalitet, studentrekruttering og internasjonaliseringsverksemd.

Det økonomisk-administrative ansvaret for avdelinga ligg til dekan. Dekan skal legge til rette for og stimulere til samarbeid og informasjonsdeling internt på avdelinga, på tvers av avdelingane og med eksterne aktørar. Dekan er avdelinga sitt talerør og representerer avdelinga overfor offentlege styresmakter, samarbeidspartar og ålmenta.

Dekan rapporterer til rektor i faglege saker og til høgskuledirektøren i administrative saker. Dekanen er med i høgskulen si strategiske leiargruppe og har medansvar for ei heilskapleg utvikling av høgskulen.

Kvalifikasjonar

Det vert stilt krav om høgare utdanning på masternivå eller høgare. Søkjarar bør ha erfaring med undervisning og FoU-arbeid frå høgare utdanning, og kompetanse tilsvarande fyrstenivået for sektoren. Anna særskild relevant kompetanse kan også vurderast. Den som vert tilsett må ha kunnskap om arbeidslivet sine behov for kompetanse på avdelinga sitt arbeidsfelt. Ein bør også ha god forståing for samspelet mellom profesjons- og disiplinfaglege aktivitetar innan både forsking og utdanning.

Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevner, framifrå leiareigenskapar, leiarerfaring og høg arbeidskapasitet. Det vil bli lagt vekt på evne til strategisk tenking og gjennomføring, samt økonomisk og administrativ kompetanse. Innsikt i og erfaring frå organisering og drift av høgare utdanning er ein fordel.

Erfaring med prosjektarbeid og internasjonalisering vert vektlagt.

Det vert stilt krav til god skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk og engelsk. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt, og det er ein fordel med god kompetanse på digitale verktøy. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga er på åremål i fire år frå 1.9.2020, med høve til forlenging etter utlysing. Åremålstilsetjinga kan totalt utgjere 12 år. Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter nærare avtale.

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad. 

Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar etter statens lønsregulativ, lønsplan 17.500, dekan stillingskode 1474. Løn etter avtale.


Søknadsfrist:  14. april 2020

Om søknaden

Det er lenkje til elektronisk søknad på www.hivolda.no/stilling. Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge og vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Dokument/filer skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

– CV

– vitnemål og attestar

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven», samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet  på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte rektor Johann Roppen tlf. 70 07 50 20/926 11 819 eller personalsjef Randi Urke tlf. 70 07 50 40/918 61 227. 

Ta gjerne også kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. +47 411 02 200. 

All kontakt med rekrutteringsfirmaet HAMNØY AS blir handtert konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innledande fase dersom det er ønskeleg.