Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum

Avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 60 millionar i omsetnad. Me søkjer no etter avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum. Stillinga rapporterer til direktør ved Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa. 

Museet har ei allsidig drift. Me forvaltar kulturhistoriske bygg og samlingar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs i tradisjonelle handverk. Me har utleige av lokale, kafé og servering. Her er ei konsertscene for folkemusikk. Museet har om lag 11 faste tilsette, og fleire sesongtilsette.  

Hovudoppgåva til avdelingsleiar er å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle desse varierte driftsområda, saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar. 

Me leitar etter ein lagbyggar som ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar. Du evner å skape entusiasme for endring og utvikling. Saman med dyktige kollegaer vil du arbeide for å fremje Hardanger folkemuseum og Agatunet og vera ein viktig bidragsytar i utviklinga av vår verksemd. Du vert motivert av ei spanande og interessant leiarrolle innan kulturfeltet.  

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Fagleg og administrativt ansvar for Hardanger folkemuseum, Agatunet, Bu museum og Skredhaugen. 
  • Budsjett- resultat- og personalansvar
  • Planleggja, fylgja opp og gjennomføra museet sine oppgåver og prosjekt
  • Søknadsarbeid og rapportering
  • Samarbeid og vidareutvikling

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Leiarerfaring og relevant administrativ erfaring er ei føremon
  • Interesse og engasjement for kultur og historie
  • Relevant erfaring frå museumsfagleg/kulturfagleg arbeid er ei føremon 
  • Erfaring med formidling 
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppmodar me deg til å vise interesse for stillinga. 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Oppteken av resultat og kvalitet
  • Lagspelar
  • Pågangsmot
  • Relasjonsbyggjar med god kommunikasjonsevne
  • Nysgjerrigheit og løysningsorientert 

 

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. 

Det må påreknast noko reiseverksemd, samt noko helge- og kveldsarbeid. 

Arbeidsstad vil vera ved Hardanger folkemuseeum på Utne. 

 

Direktør Åsmund Kristiansen fortel oss meir Hardanger og Voss museum sitt viktige arbeid, korleis det er å jobbe der og andre mogligheiter. Høyr på podkasten her:

 

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 eller rådgjevar Marita Eltvik Hansen, tlf. 909 31 870.

Vis interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist:  30. november 2022 – søknader vert vurdert fortløpande.

Tiltreding: Etter nærare avtale.