Hardanger og Voss museum søkjer ny einingsleiar for bygningsvern ved Hardanger fartøyvernsenter

Einingsleiar for bygningsvern Hardanger og Voss museum

Hardanger fartøyvernsenter søkjer no etter einingsleiar for bygningsvern. Vern og restaurering av verneverdige og freda bygningar og  vidareføring av tradisjonshandverk er viktige stikkord for stillinga. Som einingsleiar for bygningsvern vil du bli ansvarleg for ei auka satsing på bygningsvern. Vern og bruk av kulturminne handlar om å ta vare på materielle levninger frå fortida. Men det er òg ein skule i å ta vare på gamle kunnskapar og dugleikar. Som einingsleiar for bygningsvern vil du få stor grad av påverknad på dette arbeidet,  saman med dyktige handverkarar som arbeider med bygningsvern og fartøyvern.

Du vil rapportere til avdelingsleiar ved Hardanger Fartøyvernsenter. Arbeidsstad vil vera i Norheimsund. Ein må rekna med noko reiseaktivitet.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som einingsleiar for bygningsvern vil du ha hovudansvar for å skaffe, utvikle og forvalte oppdrag og prosjekt innan bygningsvern, saman med dyktige handverkarar.  Eininga har ansvar for drift og forvalting av den freda vassdrivne oppgangssaga i Herand, og materialforvalting generelt på HFS. I tillegg vil du få ansvar for drift og forvalting av eigne bygg. Me har bygg frå ulike periodar, så det er ein fordel om du har god kjennskap til drift av både nye og gamle bygg. Me er læringsarena for vidareutdanning i bygningsvern, og eininga har ansvar for å følge opp planlegging. tilrettelegging og gjennomføring i lag med studiestad.

Andre oppgåver vil vera

  • budsjett- og rapporteringsansvar for eininga
  • personalansvar for om lag sju tilsette inkludert lærling
  • legge til rette for at prosjekt kan bli gjennomført i tråd med dokumentasjonsmaterialet
  • ansvar for å samarbeide til det beste for heilskapen og felles mål for HVM og HFS
  • bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø, og følgje opp HVM/HFS sine mål når det gjeld HMS og miljøpolitikk
  • samhandle og bygge nettverk med andre liknande organisasjonar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper

Me søkjer deg som har  interesse for og erfaring innan bygningsvern og byggforvalting.  Har du hatt liknande leiarstillingar innanfor bransjen tidlegare er det ein fordel, men ikkje noko krav. Me ser gjerne at du har bakgrunn innan byggfag og/eller tømrarfaget, og at du har interesse for vår bransje og vern av kulturminne.  Det er ønskjeleg at du er god på å skape relasjonar, er  imøtekomande, fleksibel og lydhøyr, og ønskjer utvikling. 

Elles vil det vere ein fordel om du også har

  • utdanning innan bygningsfag eller andre relevante studieretningar
  • forståing for økonomi og budsjettering
  • gode lese- og skriveferdigheiter på norsk og engelsk 
  • god kjennskap til kulturvernfeltet og eit relevant nettverk

Som einingsleiar for bygningsvern vil du ha ei brei kontaktflate og samarbeide tett med dei andre einingsleiarane og kolleger, i tillegg til andre samarbeidspartnarar. Det er difor viktig at samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter er gode, også på tvers av fagområder og ulike prosjekt.

For HVM og HFS er talent, nysgjerrigheit og lærevilje viktigast. Dersom du har ein spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønske om å utvikla deg vidare, oppmodar me deg til å visa interesse for stillinga.

Kvifor Hardanger og Voss museum? 

  • Me tilbyr ei spennande og viktig stilling i ein kulturinstitusjon med stor tru på framtida.
  • Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen og vårt oppdrag i samfunnet.
  • Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og mogelgheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. 
  • Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Høyr Stillingspodden fra HAMNØY kvar Åsmund Kristiansen fra HVM fortel meir om stillingane og bedriften her:


Søknadsfrist: 20. august 2024 – me vurderer søknader fortløpande.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga? 

Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane

  • Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
  • Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056

Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt  – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjerar) . Tiltreding etter nærare avtale.