Hardanger og Voss museum søkjer personalkonsulent

Personalkonsulent Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 70 millionar i omsetnad. Me søkjer no etter personalkonsulent. Stillinga er eit vikariat i første omgang i 12 månadar, det kan vera mogeleg å forlenge ho. Stillinga rapporterer til økonomi- og administrasjonsleiar ved Hardanger og Voss museum. 

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

  • Utføre operative oppgåver innan personalområdet for alle avdelingar ved Hardanger og Voss museum
  • Bistå direktør, økonomi- og administrasjonsleiar og avdelingsleiarane i å oppfylle krava om at personalhandsaming og personalrapportering vert utført i samsvar med Hardanger og Voss museum sine vedtekter og interesser, styret sine vedtak, lover og føresegner
  • Variert kvardag med rutineoppgåver og situasjonar som må løysast undervegs 
  • Legge til rette for god drift og trivsel i verksemda 
  • Rettleie tilsette for å sikre etterleving av rutiner og prosessar
  • Ansvar for gode rutinar og oppfølging ved sjukefråvær
  • Oppfølging og koordinering av HMT-arbeidet ved museet 
  • Oppfølging av lærlingar, praksisplassar og volontørar 
  • Saksbehandling og rapportering innan eige ansvarsområde 

ØNSKA KVALIFIKASJONAR

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Erfaring frå HMT- og personalarbeid er ein fordel 
  • Forståing og innsikt i arbeidsmiljølova og norsk arbeidsrett 
  • God økonomiforståing er ein fordel  
  • Interesse og engasjement for kultur og historie
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk

Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppmodar me deg til å vise interesse for stillinga. 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Oppteken av resultat og kvalitet
  • Lagspelar
  • Pågangsmot
  • God til å formidle både skriftleg og munnleg 
  • Nysgjerrigheit og løysingsorientert 

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. 

Arbeidsstad vil vera ved vårt kontor i Norheimsund. 

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 eller rådgjevar Allette Solberg, tlf. 900 20 132. 

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist:  26. september 2023 – søknader vert vurdert fortløpande.

Tiltreding: Etter nærare avtale.