Mediehuset Sunnhordland søkjer to journalistar til fast stilling

Journalistar Mediehuset Sunnhordland

Sunnhordland har ambisjonar om å fortsetja å veksa og styrka posisjonen vår dei neste åra. Me søkjer derfor etter to nye journalistar. 

I Sunnhordland blir du ein del av ein ung og kreativ redaksjon som har hausta ei rekkje prisar for både journalistikk og layout. Som journalist blir du avgjerande for at me vinn nyheitskampen i regionen kvar dag. Du vil produsera nyheiter og arbeida med både tekst, bilde, lyd og video. Stillingane inngår i turnus i redaksjonen. Stillingane rapporterer til ansvarleg redaktør i Sunnhordland.

Sunnhordland har eit sterkt digitalt fokus, og vi ser etter deg som er nysgjerrig på digitale verktøy og ivrig i jakta etter gode historier og nyheiter.

ANSVAR OG OPPGÅVER: 

  • Produsera redaksjonelt innhald 
  • Jakta på dei store avsløringane, men også på dei små kjappe nyheitene
  • Byggja og ta hand om kjeldenettverk og relasjonar

ØNSKTE KVALIFIKASJONAR: 

  • Journalistisk utdanning og erfaring vert vektlagt
  • Instinkt for gode nyheiter og evna til å sjå dei gode historiane rundt deg
  • Klar forståing for medieutvikling og digitalisering 
  • Vere aktiv og tilgjengeleg i sosiale medium
  • God presseetisk vurderingsevne
  • Førarkort for bil 
  • Gode språkferdigheiter i nynorsk, skriftleg og munnleg

PERSONLEGE EIGENSKAPAR: 

  • Resultatorientert
  • Pågangsmot
  • God kommunikator 
  • Lærevillig
  • Lagspelar

Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å visa interesse for stillingane. 

VI KAN TILBY: 

  • Interessante arbeidsoppgåver saman med dyktige folk
  • Eit spennande fagleg miljø med sterk digital satsing 
  • Tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggja til rette for vekst og utvikling
  • Nyoppussa lokale i Leirvik sentrum på Stord, med utsikt over hamn, fjord og fjell.
  • Storslått natur! Du vil bu og arbeida i vakre omgjevnadar i Sunnhordland. Les meir om den fantastiske regionen vår. 

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller researcher Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665. 

Vis interessa di for stillinga ved å registrere CV-en din og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. Alle henvendingar vert handsamasa konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Søknadsfrist: 26. juli 2021 – søknadar vert vurderte fortlaupande.