Møre-Nytt søkjer ansvarleg redaktør / dagleg leiar

Ansvarleg redaktør / dagleg leiar Møre-Nytt

Møre-Nytt sin posisjon og samfunnsrolle i Ørsta og Volda er unik. Vi har ambisjonar om å vekse digitalt og styrke vår posisjon endå meir dei neste åra. Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter ein ansvarleg redaktør / dagleg leiar med stort engasjement for lokalsamfunnet og lokal journalistikk, og med ønskje om å utvikle avisa vidare saman med ein arbeidsam og motivert stab. 

Ansvar og arbeidsoppgåver  

Du vil få eit samla leiaransvar for redaksjonell drift og utvikling, i tillegg til overordna ansvar for kommersiell drift og administrasjon i avisa. Regional salsleiing og administrative støttefunksjonar er samla i fellesfunksjonar hos Sunnmørsposten. Møre-Nytt består av åtte tilsette, fordelt på redaksjon og sal.

Dine andre sentrale ansvarsområder og arbeidsoppgåver blir å

  • utvikle det redaksjonelle arbeidet, med spesielt fokus på den digitale utviklinga
  • ta ansvar for å forvalte den publisistiske plattforma til avisa og vere ein garantist for at avisa ivaretek si uavhengigheit, saklegheit, sin relevans og sitt samfunnsansvar
  • ta eit overordna og heilskapleg leiar- og resultatansvar for avisa
  • produsera redaksjonelt innhald, jakta på dei store avsløringane, men også på dei små kjappe nyheitene
  • byggja og ta hand om kjeldenettverk og relasjonar
  • ta ansvar for økonomien i avisa
  • ta ansvar for personal- og medarbeidarutvikling 
  • samarbeide med kollegaer i Polaris Media-konsernet 

Møre-Nytt har kontor i moderne lokaler i Ørsta sentrum. Du vil rapportere til styret i Møre-Nytt. 

Kvalifikasjonar  og personlege eigenskapar

Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som har høgare relevant utdanning fortrinnsvis innan journalistikk. Du er ein røynd skrivande journalist. Det er ønskjeleg at du har redaksjonell leiarerfaring, men det er avgjerande at du har ambisjonar som leiar. Du har stor interesse for digitaliseringa som skjer i samfunnet og media spesielt. Du er utviklingsorientert og opptatt av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet. Som leiar har du ein involverande og inkluderande leiarstil.

Vidare ser vi for oss at du 

  • har ei god vurderingsevne i presseetiske og publisistiske spørsmål
  • er opptatt av resultat og kvalitet
  • har god forretningssans 
  • har ei trygg forankring i bruk av nynorsk

Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga. 

Kvifor Møre-Nytt?  

  • Interessante, utfordrande og utviklande leiaroppgåver i ei solid lokalavis i god vekst og utvikling.
  • Eit av Skandinavias leiande mediekonsern i ryggen. Gjennom Polaris Media har Møre-Nytt tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggje til rette for vekst og utvikling. 
  • Volda og Ørsta er omkransa av ein magisk natur. Her kan du bu landleg og likevel sentralt med tanke på arbeid, utdanning, kultur og fritid, og ikkje minst flyplass, lokalsjukehus og andre gode velferdstilbod. Sett under eitt er Volda og Ørsta med sine 21 600 innbyggjarar den fjerde største tettstaden i fylket. Her kan du finne roa og samstundes bu nær viktige sentrumsfunksjonar. Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. I Sunnmørsalpane kan du velje og vrake i gromme og spektakulære toppturar. Ørsta og Volda er eit fjellstøtt val! 

Søknadsfrist: Snarest – søknader blir fortløpande vurderte.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga? 

Ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevarane 

  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 
  • Tonje Lavik Hansen, tlf. 902 46 867 
  • Ida Eide, tlf. 993 68 003 

Du kan også kontakte styreleiar Frank Støyva Emblem på tlf. 988 55 952. Tillitsvald for redaksjonsklubben er Roy Arne Folkestad, tlf. 456 92 837.  

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Møre-Nytt i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.