Solisi søkjer dagleg leiar med teknisk kompetanse

Dagleg leiar Solisi AS

Har du lyst å være med å utvikla eit nyoppstarta selskap med spanande satsing på bærekraftig fornybar energi? Er du oppteken av innovative, framtidsretta og miljøvenlege energiløysingar?

Solisi er ei nyetablert verksemd som sel og monterer solcelleanlegg og energiløysingar til næringskunder og privatmarkedet. 

Til å byggje opp og leie selskapet søkjer vi etter ein engasjert dagleg leiar med gründervilje, teknisk erfaring og teft for det kommersielle. Du vil få eit overordna ansvar for drift og utvikling. Viktige fokusområder i starten vil vere å utvikle gode rutinar og system i drifta og leie salsarbeidet. For å lukkast er det viktig å ha evne til å forene strategisk tenkning med stor gjennomføringskraft.

Solenergi er ei investering for miljøet og framtida. Solisi har som målsetnad å gjere det enkelt å produsere kortreist og garantert grønn energi på eige tak. 

Arbeidsstad og utgangspunkt for stillinga vil vere Årdal Teknologipark. Vi tilbyr stor fleksibilitet i kvardagen og oppmodar kandidater som ynskjer å bu andre stader om å vise interesse for stillinga.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Byggje opp og leie selskapet
  • Sal, marknadsføring og forretningsutvikling
  • Strategi og handlingsplanar
  • Prosjektleiing
  • HMS og kvalitetsarbeid
  • Tett samarbeid med partnerar 
  • Rapportering til styret 

DIN PROFIL: 

  • Teknisk bakgrunn: Det er ein fordel om du har elektrobakgrunn eller anna relevant teknisk bakgrunn. 
  • Leiing, sal og forretningsutvikling: Du har erfaring som leiar og / eller erfaring med rådgjeving, sal, forretningsutvikling e.l. Erfaring med teknisk prosjektleiing og sal av tekniske løysingar er særskilt aktuell bakgrunn. 
  • God økonomiforståing
  • Engasjement for fornybar energi og berekraft. Du finn motivasjon i å gjere ein forskjell ved å tilby bærekraftige løysingar
  • Lærevillig: Du følgjer utviklinga og er motivert for å lære om fornybar energi og solcelleteknologi.
  • Personlege eigenskapar: Du har gode samarbeidseigenskapar og kommuniserer godt og tydeleg. Du har svært god forretningsforståing. Du har driv og tek initativ. Du er oppteken av å skape resultat. Du løyser jobben med god struktur og gjennomføringskraft. 
  • Språk: Gode språkkunnskapar på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. 
  • Talent: Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ynskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga. 

VI TILBYR: 

  • Interessante og utfordrande leiaroppgåver i eit nyetablert selskap med STORT vekstpotensial. 
  • Sterke og langsiktige eigarar. Strategiske eigarar som utfyller kvarandre og som vil arbeide hardt for at selskapet skal lukkast. 
  • Ein jobb med meining: Bli ein del av det det grøne skiftet.  
  • Partnerskap og påverknad. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, ordna arbeidsforhold og moglegheit for medeigarskap.
  • Vakker og vill natur. Vi held til i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og Jotunheimen, som næraste nabo. Årdal, Indre Sogn og Valdres byr på unike friluftstilbod heile året.

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. +47 411 02 200, eller rådgjevar Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665. 

Vis di interesse for stillinga ved å registrera din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – òg overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 11. februar – søknadar vert vurdert fortløpande.