Sunnmørsposten søkjer debattjournalist

Debattjournalist Sunnmørsposten AS

Vi styrker vår satsing på debatt og dialog, og søkjer etter debattjournalist i fast stilling.

Som mediehus har vi eit særleg ansvar for å bidra til ein open og opplyst offentleg samtale, slik at ulike syn kan kome til uttrykk. Som debattjournalist i Sunnmørsposten vil du vere med på å utvikle samfunnsdebatten i ulike kanalar.

Vi leitar etter deg som:

  • Ønskjer å skrive kommentarar og leie debattar
  • Har god etisk vurderingsevne og solid samfunnskunnskap
  • Brenn for å utvikle samfunnsdebatten, og få fram nye stemmer
  • Har god kjennskap til sosiale medium, og evner å tenke nytt rundt presentasjon
  • Er god til å samarbeide og kommunisere på ein tydeleg te
  • Har eit godt språk – og kan skrive og redigere effektivt på nynorsk og bokmål.

Journalistisk erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Sunnmørsposten oppmodar personar med fleirkulturell kompetanse til å søkje.

Vi kan tilby

  • Interessante arbeidsoppgåver saman med dyktige folk
  • Eit spennande fagleg miljø som også inkluderer satsing på levande bilde og podkast
  • Tilgang til digitale løysingar, analyseverktøy, kompetanse og ressursar som vil leggje til rette for vekst og utvikling.
  • Heilt nye lokale i sentrum av Ålesund, med utsikt over hamn, fjord og fjell.
  • Storslått natur! Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnadar på Sunnmøre.

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller rådgjevar Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665.

Vis di interesse for stillinga ved å registrere din CV og søknad snarast. All kontakt blir behandla konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Søknadsfrist: 18. juni 2021 – søknadar blir vurdert fortløpande

Tiltreding: Etter nærmare avtale.