Ulstein Design & Solutions søker Finance Manager

Finance Manager ULSTEIN

ULSTEIN er i kontinuerleg utvikling – både som organisasjon og i måtane vi arbeidar på. Skiftande marknadar, nye produkt og ei rivande teknologisk utvikling opnar mange spanande moglegheiter – også innanfor økonomifunksjonen.

For å styrke økonomifunksjonen ser vi no etter ein engasjert, initiativrik og fagleg sterk Finance Manager. Stillinga vil ha ansvaret for økonomistyring, økonomisk oppfølging og rapportering for selskapet og forretningsområdet Design & Solutions.

Finance Manager har eit ansvar for drift og utvikling av området i samsvar med gjeldande lover og strategi, og inngår i leiargruppa i selskapet.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Finance Manager vil du få eit overordna ansvar for økonomifunksjonen i forretningsområdet. Du vil ha personalansvar for økonomiansatte i det norske selskapet, samt være en kontrollfunksjon mot dei andre selskapa i forretningsområdet Design & Solutions. Du vil bli ein viktig rådgivar og sparringspartnar for leiarar og anna nøkkelpersonell. 

Andre relevante ansvarsområde er

  • å vidareutvikle økonomiske styringssystem i forretningsområdet
  • å initiere og delta i utviklings- og forbetringsarbeid innanfor forretningsområdet sine prosessar og system
  • prosjektrapportering med prognoser og analyser, selskapsrapportering og budsjettarbeid
  • å støtte i sals- og prosjektgjennomføringsfasen

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar 

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innan finans/økonomi eller rekneskap. Du har ein god forståing og interesse for system og teknologi, og brenn for kontinuerlig forbetring og å finne dei gode løysningane.  

Videre ser vi for oss at du har

  • erfaring innan controlling, rekneskap, økonomistyring eller liknande felt
  • gode leiareigenskapar og gjerne arbeidserfaring som leiar

Ulstein tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Ein sentral og utoverretta rolle i forretningsområdet Design & Solutions.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Søknadsfrist: 17. oktober 2023 – søknader blir fortløpande vurderte

Vi har hatt besøk av Finance & HR Manager i ULSTEIN, Sølvi Katrin Gjerde, som forteller meir om bedriften og stillinga. Lytt til podkasten her:

 

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne 

  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, 
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål blir vedlagde søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.