Ulstein Elektro Installasjon søker dagleg leiar
Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Selskapet er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulsteinkonsernet, saman med Ulstein Verft. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar vil du ha stor innverknad på prosjekta våre og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet. Du vil få eit overordna ansvar for økonomien i selskapet og å vidareutvikle organisasjonen i tråd med gjeldande strategi.
Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere
- planlegging og gjennomføring av avtalte leveransar
- kalkulering av nye prosjekt
- bemanning og utvikling av organisasjonen
- økonomisk oppfølging og kontroll av prosjektportefølja
- å skape gode relasjonar til tilsette, samarbeidspartar og leverandørar
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har god fagleg kompetanse innan elektro. Relevant erfaring frå maritim sektor er ønskeleg. Det er ein fordel om du har leiarerfaring og erfaring frå prosjektleiing. Som dagleg leiar vil du få eit samla resultatansvar for verksemda, og det er nødvendig med god økonomi- og forretningsforståing.
Vidare ser vi for oss at du
- har god tverrfagleg teknisk forståing
- er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål
- er strukturert, initiativrik og nysgjerrig
- er oppteken av kontinuerlig forbetring og er løysingsorientert
- gode språkkunnskapar både munnleg og skriftleg (norsk og engelsk)
Ulstein tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Osneset i Ulsteinvik.
Søknadsfrist: snarest – søknader blir fortløpande vurderte.
Hør Knut Barstad, Vise administrerende direktør ved Ulstein verft forteller mer om selskapet og stillingen som daglig leder her:
Ønsker du meir informasjon om stillingen?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgiverne
- Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
- Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Ulstein Elektro Installasjon i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.