Ulstein Power & Control søker Project & Engineering Manager

Project & Engineering Manager ULSTEIN

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Project & Engineering Manager får du ansvar for eit fagleg sterkt team som er sentrale i utviklinga av berekraftige kraft- og automasjonssystem til nybygg og retrofit. Som ein del av et innovativt konsern som designar skip frå grunnen av, vil du bli utfordra på å finne løysningar for framtidas skip. Du blir ein viktig aktør i arbeidet med å gjere tenester og system verkelege gjennom å realisere dette i leveransar til prosjekt.  

Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Project & Engineering Manager vil du få eit overordna ansvar for å gjennomføre leveransane og prosjekta våre. Du vil ha stor innverknad på prosjekta våre og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet.

Andre relevante arbeidsoppgåver er å

  • leie møter med ulike interessentar og koordinere prosjekt
  • bidra til gode prosessar knytt til PLM
  • vere ansvarleg for engineeringsprosessane i selskapet
  • bidra til kompetanseutvikling

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar 

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare relevant utdanning og har erfaring med prosjektleiing. Du set retninga og får folk med deg, samtidig som du deler av erfaringar og kunnskapen din samt er nysgjerrig på andres. Du blir motivert av å vere med på å skape, og er oppteken av kvalitet og god service.

Videre ser vi for oss at du har

  • teknisk kunnskap innan marine kraftsystem og automatisering  
  • kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri 
  • kjennskap til PLM prosessar
  • erfaring med, eller ønske om å arbeide med DC- og/ eller MV-system

Ulstein tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.

Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjonsog forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Lytt til Peter Pilskog og Rolf Ottar Rovde fortelle mer om stillingen og bedriften her:

Søknadsfrist: Snarest – søknader blir fortløpande vurderte

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne 

  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, 
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål blir vedlagde søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.