Ysst HMS søkjer dagleg leiar

Dagleg leiar Ysst HMS

Vil du leie utviklinga av framtidas bedriftshelseteneste i Sunnhordland? Vi har ambisjonar om å vekse og styrke vår posisjon enno meir dei neste åra. Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter ein dagleg leiar som har eit ønskje om å utvikle Ysst HMS vidare. 

Som dagleg leiar i Ysst HMS vil du få eit overordna ansvar for drift og utvikling av verksemda. Du får ei allsidig og spanande leiarrolle i ei lokalt forankra verksemd med høg fagleg kompetanse og omlag 150 medlemsbedrifter. Du vil rapportere til styreleiar.

Vi leitar etter deg som har god leiarerfaring. Du ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar, og evnar å byggje lag og gode relasjonar.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Overordna og heilskapleg leiar- og resultatansvar
  • Gå føre som eit godt eksempel i det daglege arbeidet 
  • Leie og støtte eit team med kompetente medarbeidarar
  • Ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap og prognose) 
  • Forretningsutvikling og strategiarbeid
  • Relasjonsbygging og kundeoppfølging 
  • Rapportering til styret

YNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR:

  • Høgare relevant utdanning er ein fordel
  • God erfaring som leiar og relevant arbeidserfaring
  • Har forståing for dei ulike fagområda til Ysst HMS
  • God økonomi- og forretningsforståing
  • Har kjennskap til lokalt næringsliv og relevant nettverk i regionen
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

ME SØKJER DEG SOM:

  • Er oppteken av resultat og kvalitet 
  • Har ein involverande og inkluderande leiarstil
  • Kan leie, løfte og samle personalressursane
  • Er ein klar og tydeleg leiar som evner å skape entusiasme
  • Har gode evner til kontaktskaping og samarbeid med andre 

ME TILBYR:

  • Interessante og allsidige leiaroppgåver i ein solid og trygt forankra aktør som leverer strategisk viktige tenester
  • Dyktige og engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Konkurransedyktig løn og gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rågjevar Cathrine Vikse Johnsen, tlf. 976 09 098, eller rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller researchar Marita Eltvik Hansen, tlf. 909 31 870.

Vis interesse for stillinga ved å registrere din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 30. november  2022 – søknadar vert vurderte fortløpande. 

Tiltreding etter nærare avtale.