Ressursplanlegging og rekruttering

Dei fleste organisasjonar er gode på planlegging, frå strategi til delmål, kvartalsrapportar, KPI og evalueringar. Hvordan er det med dei menneskelege ressursane?

Dei fleste organisasjonar er gode på planlegging, frå strategi til delmål, kvartalsrapportar, KPI og evalueringar. Når det kjem til planlegging i forhold til dei menneskelege ressursane ser ein ofte at dette kan komme brått på. Når ein tek tak i det skulle ein gjerne hatt personen på plass i går.

Hamnøy kontor full konsentrasjon

Orsak til ein organisasjons ønskje om å iverksettinga rekrutteringsprosess kan variera. Auka oppdragsmengde, tilsett som slutter/-pensjonerer seg, behov for ny kompetanse og organisasjonsendring er nokon døme. Behovet kan dukke opp akutt, eller også være kjend.

Om ein ønskjer å sikre at ein får på plass den rette personen på rett stad, så vil prosessen ta noko tid. Frå stillingsprofil er utarbeida, søknadsperiode har utløp og gode utveljingsprosessar er gjort går det fort ein månad. Når vi veit at dei fleste har tre månaders oppseiingstid, kjem ein opp i fire månader frå ein set i gong til behovet er dekka.

Vår oppmoding er difor no før sommaren, sjå på planane de har lagt for hausten. Kva vil dette krevje i forhold til ressursar og kompetanse? Sjå over dine tilsette, er det nokon som nærmar seg pensjonsalder eller har meldt i frå at dei vil over i nye utfordringar

Me i Hamnøy AS bistår deg gjerne i evalueringa av dei mennekelege ressursane. Dukkar det opp behov, er me klar til å ta fatt på prosessen, slik at du får inn dei personane du treng i haust, for at di verksemd skal lykkast!