Årdal Utvikling søkjer dagleg leiar

Dagleg leiar Årdal Utvikling

Vil du vere med å utvikle næringslivet i Årdal og Indre Sogn inn i framtida? Årdal Utvikling søkjer no etter ein ny dagleg leiar, som skal vere med å legge tilrette for næringsutvikling, berekraftig verdiskaping og fleire arbeidsplassar. 

Som dagleg leiar i Årdal Utvikling vil du bidra til ei berekraftig næringsutvikling. Vi jobbar kvar dag med å legge forholda best mogleg til rette for nye arbeidsplassar og gode utdanningsmogelegheiter i eit variert og framtidsretta næringsliv. For å lukkast i denne jobben er det avgjerande at du evner å utvikle gode relasjoner til viktige aktørar i regionen. Du blir leiar for to tilsette og rapporterer til styreleiar. 

Vi ser etter ein nysgjerrig og utviklingsorientert person som er proaktiv, tenkjer offansivt og evner å setje ord og tankar ut i handling. Du trives i ein hektisk kvardag der du vekslar mellom detaljar og overordna arbeid. Du er ein smidig og samlande person som inspirerar og skaper entusiasme, og er god til å få folk til å dra i samme retning. Det er avgjerande at du er ein samfunnsengasjert person som brenn for lokalsamfunnet og vil leie Årdal Utvikling inn i framtida. 

Les gjerne meir om Årdal Utvikling sitt strategiske plan- og utviklingsarbeid.  

 

Vil du vite meir? Lytt til podkasten der noverande dagleg leiar Terje Laberg og styreleiar Anne Kauppi fortel meir om stillinga og Årdal Utvikling. Lytt her, eller der du vanlegvis lyttar til podkast:

 

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Inspirere og skape begeistring for arbeidet til Årdal Utvikling  
  • Operasjonalisering av strategisk næringsplan
  • Overordna og heilskapeleg leiar- og resultatansvar
  • Ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap og prognose) 
  • Dagleg leiing og vidareutvikling av Årdal Teknologipark
  • Prosjektutvikling, prosjektleiing og rådgjevingsarbeid
  • Analyse- og strategiarbeid
  • Prosjektfinansiering 
  • Relasjonsbygging og representasjon
  • Rapportering til Årdal kommune og styret  

ØNSKA KVALIFIKASJONAR OG BAKGRUNN: 

  • Relevant utdanning, fortrinnsvis innan økonomi-feltet
  • Erfaring frå strategi- og utviklingsarbeid
  • Erfaring frå prosjektleiing er ynskjeleg    
  • God økonomiforståing 
  • Oppteken av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet 
  • Du er ein samfunnsengasjert person med eit godt og relevant nettverk
  • Forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar er ynskjeleg
  • God grunnleggande forståing for mogelegheitene i ny teknologi
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

VI SØKJER DEG SOM:

  • Har gode samarbeidsevner og er ein utprega lagspelar
  • Er oppteken av resultat og kvalitet
  • Er nytenkande, utviklingsorientert og initiativrik 
  • Er ein god relasjonsbyggjar
  • Kommuniserer på ein klar og god måte 
  • Har god forretningssans

ME TILBYR: 

  • Interessante, spanande og allsidige leiaroppgåver
  • Konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold
  • Vakker og vill natur. Me held til i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo. Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn.

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller rådgjevar research & analyse Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541.

Vis di interesse for stillinga med å registrera din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – òg overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ynskjeleg.

Søknadsfrist: 15. desember 2022 – søknader vert vurderte fortløpande. 

Tiltreding etter nærmare avtale.