Bjørnafjorden kommune søkjer VA-ingeniør

VA-ingeniør Bjørnafjorden kommune

Ynskjer du ei spennande ingeniørstilling i ein kommune i vekst?

Bjørnafjorden kommune søkjer etter ein initiativrik og fleksibel VA-ingeniør. Som del av eininga Samferdsle og VA, får du jobbe med spennande driftsprosjekt innan vatn og avløp. Dette gjev deg høve til å utvikle deg både fagleg og personleg. Stillinga rapporterer til fagleiar VA. Oppmøtestad er for tida i Mobergsbakken i Os. 

Lytt til Stillingspodden fra HAMNØY hvor Agnete Haugland fra Bjørnafjorden kommune forteller mer om stillingen og organisasjonen her:

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

Som VA-ingeniør vil du vere ein viktig pådrivar for å sikre effektivitet i drift og vedlikehald av VA-anlegga i Bjørnafjorden kommune. Saksbehandling og forvaltningsoppgåver knytte til vatn- og avløpsområdet er ein sentral del av stillinga.

Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere

  • oppfølging av kommunale reinseanlegg
  • bidra til oppfølging av vassforvaltning og samordning i kommunen
  • oppfølging av leverandørar 
  • sikre oppfølging av utsleppsløyve innan kapittel 14 i Forureiningslova og tilhøyrande krav
  • all rapportering innan avløp
  • vidareutvikling av kvalitetssystemet innan avløp
  • anna relevant arbeid innanfor eininga Samferdsle og VA etter behov

DIN PROFIL

Me ser etter deg som har utdanning og/eller erfaring innan vatn- og avløpsfag. Nyutdanna er velkomne til å søkje. 

Vidare ser vi for oss at du

  • har høgare utdanning innan VA, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • har kjennskap til gjeldande lovar og forskriftar
  • er strukturert og fleksibel
  • har god gjennomføringsevne
  • har gode samarbeidsevner samtidig som du trivst med å arbeide sjølvstendig
  • beherskar norsk både munnleg og skriftleg
  • har førarkort klasse B

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt  i vurderinga. 

KVIFOR BJØRNAFJORDEN KOMMUNE?

Hos oss får du

  • ein variert og hektisk kvardag i ein kommune i vekst
  • fagleg spennande oppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • fleksitidsordning

Søknadsfrist: 4. desember – Søknadar vurderast fortløpande.

YNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?

Kontakt vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevarane

  • Marit Ecklo Brevik, tlf. 907 24 333
  • Melina Birkeland, tlf. 905 40 499
  • Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056

Registrer søknad og CV snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. 

Oppstart etter avtale.