Bremnes Seashore søkjer junior IT-konsulent

Junior IT-konsulent Bremnes Seashore

Bremnes Seashore er på jakt etter ein junior IT-konsulent til vårt hovedkontor på Bømlo. 

 Som IT-konsulent hos oss vil du vil få moglegheiter til å jobba med eit breitt område i heile verdikjeda til Seashore konsernet. Du vil få moglegheit til å jobbe innanfor fleire spanande IT-fagområde og i stor grad kunne påvirke din eigen jobbkvardag. Du vil få reisa litt, vera ute på sjøen i båt og jobba med mange spanande prosjekt. 

Vi ser etter deg som er svolten på nye utfordringar, trivs i ein travel kvardag og vil bidra til framtidsretta løysingar hos eit av dei mest innovative selskapa i bransja. Du likar å arbeida i eit sjølvstendig og sjølvgåande team, der medarbeidarane har stor grad av påverknad. For oss er det viktig at du brenn for fagområdet, og at du har fokus på tryggleik, kvalitet og utvikling.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Ansvar for klientadministrasjon
  • System og applikasjonsdrift
  • Prosjekt oppfølging og prosjektleiing
  • Brukarstøtte
  • Drift av komplekse nettverk både på land og sjø 

ØNSKA KVALIFIKASJONER:

  • Relevant utdanning innanfor IT. Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning. 
  • Stillingen krever minimum 2 års relevant erfaring innanfor eit eller fleire av områda nettverksadministrator, systemadministrator og klientdrift
  • Førerkort klasse B
  • Gode språkkunnskapar på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

PERSONLIGE EIGENSKAPAR:

  • Du har gode kommunikasjonsevner og samarbeider godt med andre
  • Du er engasjert i nye utfordringar
  • Du er strukturert og resultatorientert
  • Du har god teknisk innsikt og evne til å tenke logisk

Arbeidsplass er ved vårt hovedkontor på Bømlo. Vi tilbyr ein spanande moglegheit i ein organisasjon med gode utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg. Vi har konkurransedyktige vilkår og betingelser, gode pensjons- og forsikringsordningar og god fleksibilitet.

 

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevar Lisa Røgelstad, tlf. 466 51 199, eller rådgjevar research & analyse Anna Froestad, tlf. 984 38 273. 

Vis di interesse for stillinga ved å registrera din CV og søknad snarast. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskeleg. 

Søknadsfrist:  Snarest.