Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar for museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter

Avdelingsleiar for museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter Hardanger og Voss museum

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 60 millionar i omsetnad. Me søkjer no etter avdelingsleiar på museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter. Stillinga er eit vikariat ut 2024, det kan vera mogeleg å forlenge ho. Det må påreknast noko reiseverksemd, samt noko helge- og kveldsarbeid.  Stillinga rapporterer til direktør ved Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa. 

Museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter har ei allsidig drift. Me forvaltar tradisjonell maritim handverkskunnskap, fartøy og båtar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av aktivitetsbasert formidling, utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg og kurs. Me leiger ut båtar og fartøy og driv kafé og servering. Museumsavdelinga har om lag 10 fast tilsette, og fleire sesongtilsette. 

Hovudoppgåva til avdelingsleiar er å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle desse varierte driftsområda, saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar. 

Me leitar etter ein lagbyggar som ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar. Du evner å skape entusiasme for endring og utvikling. Saman med dyktige kollegaer vil du arbeide for å fremje Hardanger fartøyvernsenter og vera ein viktig bidragsytar i utviklinga av vår verksemd. Du vert motivert av ei spanande og interessant leiarrolle innan kulturfeltet.  

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Fagleg og administrativt ansvar for museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter 
  • Budsjett-, resultat- og personalansvar
  • Planleggja, fylgja opp og gjennomføra avdelinga sine oppgåver og prosjekt
  • Søknadsarbeid og rapportering
  • Samarbeid og vidareutvikling

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Leiarerfaring og relevant administrativ erfaring er ei føremon
  • Interesse og engasjement for maritim kultur og historie
  • Relevant erfaring frå museumsfagleg/kulturfagleg arbeid er ei føremon 
  • Erfaring med formidling 
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Talent, nysgjerrigheit og evne til å lære er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønskje om å utvikle deg vidare, oppmodar me deg til å vise interesse for stillinga. 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Oppteken av resultat og kvalitet
  • Nytenkande, nysgjerrig og løysningsorientert  
  • Lagspelar
  • Pågangsmot
  • Relasjonsbyggjar med god kommunikasjonsevne

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Stillinga er eit vikariat ut 2024, med moglegheit for forlenging. Det må påreknast noko reiseverksemd, samt noko helge- og kveldsarbeid.

Arbeidsstad vil vera ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. 

 

Direktør Åsmund Kristiansen fortel oss meir Hardanger og Voss museum sitt viktige arbeid, korleis det er å jobbe der og andre mogligheiter. Høyr på podkasten her:

 

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200 eller rådgjevar Marita Eltvik Hansen, tlf. 909 31 870.

Vis interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist:  30. november 2022 – søknader vert vurdert fortløpande.

Tiltreding: Etter nærare avtale.