Hardingfela.no søkjer ny leiar

Leiar Hardingfela.no

Ole Bull Akademiet (OBA) tilbyr kurs i folkemusikk og folkedans, og har bachelor- og masterprogram for folkemusikkutøvarar. Hardanger og Voss museum HVM har stor breidde i sine fagfelt, frå folkedrakt og folkemusikk til kunst og fartøyvern. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen.HVM har vel 60 faste årsverk, om lag 120 sesongtilsette og hadde 76 millionar i omsetnad i 2023.  OBA har 12 tilsette og 9 årsverk.

Hardingfela.no har to medarbeidarar. No søkjer me ein ny leiar som kan vera med å utvikle hardingfela.no vidare. Som leiar vil du ha ei sentral rolle i gjennomføring av ulike prosjekt frå A til Å, og du vil samarbeida tett med både Ole Bull Akademiet og avdelingar i Hardanger og Voss Museum. 

Du vil rapportere til avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum. Arbeidsstad vil vera med utgangspunkt i våre lokaler på Utne.  Ein må rekna med noko reiseaktivitet i rolla som leiar for hardingfela.no

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som leiar for hardingfela.no vil du ha hovudansvar for fagutvikling, prosjektutvikling og søknadsarbeid for midlar frå relevante institusjonar og organisasjonar. Samarbeid med ulike aktørar innan folkemusikk og folkedans, kulturskuler m.m. for gjennomføring av prosjekt står sentralt.

Du vil òg ha tett kontakt med Ole Bull Akademiet, der det er aktuelt å delta på personalmøte, kurs og fagdagar. I rolla som leiar for hardingfela.no vil du vere sekretariat for Vestland fylkekommune sine folkemusikkstipend og sekreteriat for hardingfela.no sitt styre.

Andre oppgåver vil vera

  • prosjektutvikling ut i frå strategiplan 
  • redaksjonelt ansvar for nettsida (hardingfela.no) og sosiale medium (Facebook og Instagram)
  • budsjettansvar- og rapporteringsansvar Hardingfela.no og underprosjekt
  • koordinering av arbeidsoppgåver i samarbeid med fagkonsulent innan dans
  • bygge nettverk med andre liknande organisasjonar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper

Me ser etter deg som har god forståing og kompetanse om hardingfela. Du har erfaring med folkemusikk og folkedans, og det er positivt om du har erfaring med undervisning og forvaltning. Me trur det er viktig at du er ein person som jobbar systematisk og har god evne til gjennomføring. 

Elles vil det vere ein fordel om du også har

  • høgare utdanning innan relevante studieretningar
  • erfaring med søknadsskriving
  • god kjennskap til kulturfeltet og eit relevant nettverk
  • gode skriveferdigheiter og beherskar nynorsk godt

Som leiar for hardingfela.no vil du ha ei breid kontaktflate og samarbeide tett med kolleger og samarbeidspartnarar. Det er difor viktig at du har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og evner å samarbeide godt på tvers av fagområde og ulike prosjekter. Dersom du har førerkort klasse B og tilgang til eigen bil, er dette eit pluss.

For Hardanger og Voss museum er talent, nysgjerrigheit og lærevilje viktigast. Dersom du har ein spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønske om å utvikla deg vidare, oppmodar me deg til å visa interesse for stillinga.

Kvifor Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet?

  • Me tilbyr ei spennande og viktig leiarstilling i ein kulturinstituasjon med stor tru på framtida. 
  • Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin og vårt oppdrag i samfunnet.
  • Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. 
  • Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. 

Søknadsfrist: Snarest – me vurderer søknader fortløpande.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga? 

Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane

  • Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
  • Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056

Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen. Tiltreding etter nærare avtale.