Sunnmørsposten søkjer direktør for lokale mediehus

Direktør for lokale mediehus Sunnmørsposten AS

Vi har ei spennande stilling ledig som direktør for lokale mediehus i verdas vakraste område. Sunnmørsposten eig direkte eller indirekte Sunnmøringen, Sykkylvsbladet, Vikebladet Vestposten, Vestlandsnytt, Møre-Nytt, Fjordingen, Fjordabladet, Fjordenes Tidende, Skjåk Mediautvikling (utgjevar av Fjuken), Vigga og Dølen. Samla har dei 11 lokale mediehusa eit opplag på 37.000 og driftsinntekter på 109 millionar kroner i 2019. Vår nye direktør får hovudansvaret for å vidareutvikle dei lokale mediehusa i samarbeid med konsernet, styret og den lokale leiinga. Vi søker etter deg som har klare tankar om korleis du vil bidra til å utvikle mediehusa og medarbeidarane inn i ei stadig meir digital framtid. Arbeidsstad er Ålesund, og stillinga vil innebere regelmessig reising.   

Hovudoppgåver:  

  • Oppfølging og utvikling av lokale mediehus – korleis sikre posisjonen til lokale mediehus og bidra til å gjere dei enda betre for lesarar og annonsørar 
  • Oppfølging og utvikling av leiarar i lokale mediehus 
  • Leie og koordinere utviklings- og omstillingsprosjekt 
  • Sjå etter nye potensielle forretningsområde, inkludert oppkjøp og handtering av prosessar 
  • Vere styreleiar for dei fleste av dei lokale mediehusa, styremedlem i resterande, i tillegg til å inngå i leiargruppe for Polaris Media Nordvestlandet og Sunnmørsposten 

Ønskjelege kvalifikasjonar:    

  • Erfaring frå media er ein klar fordel 
  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan leiing. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning 
  • Erfaring innan leiing 
  • Redaksjonell forståing og erfaring er ønskjeleg 
  • Klar forståing for medieutvikling og digitalisering  
  • Vere opptatt av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet  

Personlege eigenskapar:  

  • Utviklingsorientert og initiativrik  
  • Samarbeidsorientert 
  • God forretningsforståing 
  • Strategisk og kommersiell  
  • God til å kommunisere 

Vi kan tilby:   

  • Eit solid konsern i utvikling, der du får høve til å påverke verksemda sin strategi og eigen arbeidskvardag  
  • Meiningsfull jobb som skal sikre journalistikken og mediehusa si rolle i framtida   
  • Dyktige kollegaer i eit offensivt og utviklingsorientert miljø  
  • Fagleg og personleg utvikling  

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller rådgjevar Kristine Valen, tlf. 926 94 052.  Du kan også kontakte administrerande direktør Harald H. Rise i Polaris Media Nordvestlandet, tlf. 926 85 528.   

Vis di interesse for stillinga med å registrere din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg. 

Søknadsfrist: Snarest – søknader blir vurdert fortløpande.  

Tiltreding: Etter nærare avtale.