Ulstein Power & Control søkjer Project Manager

Project Manager Ulstein Power & Control

Ulstein Power & Control er ULSTEIN sitt kompetansesenter for integrerte kraft- og automasjonsløysningar. Vi kombinerer leiande ekspertise, innovasjon og lang erfaring for å levere kostnadseffektive, berekraftige og framtidsretta løysningar med førsteklasses service som gir kundane eit tydeleg konkurransefortrinn.

Selskapet er i vekst, og har fleire spanande prosjekt innan ulike segment. Som vår nye prosjektleiar får du ei sentral rolle i eit utviklingsorientert og dynamisk fagmiljø.

I Stillingspodden frå HAMNØY kan du høyre Managing Director Peter Pilskog og meir om stillinga og deira framtidsplanar:

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar hos oss får du det overordna ansvaret for gjennomføring og økonomi i tildelte prosjekt, frå kontraktsignering til overlevering. Du vil fungere som bindeleddet mellom kunden og den interne prosjektorganisasjonen, og sikre at vi leverer i samsvar med spesifikasjonar, kvalitet, tid og budsjett.

Relevante arbeidsoppgåver vil vere:

  • prosjektplanlegging, ressursstyring og koordinering av tekniske disiplinar
  • økonomisk oppfølging, budsjettansvar og prognosearbeid
  • oppfølging av kontraktar, endringshandtering og avtalar med underleverandørar
  • kundekontakt, møteleiing og sikring av god dokumentasjonsflyt
  • å bidra inn mot sal, service og ettermarknad

Din profil 

Vi søkjer primært deg som har nokre års erfaring som prosjektleiar, gjerne med bakgrunn frå nybygg eller større maritime prosjekt. Du har ei teknisk forståing som gjer deg trygg i møte med komplekse systemleveransar, og du trivst i ei rolle med mykje ansvar og høgt tempo.

Vidare ser vi føre oss at du har:

  • teknisk utdanning (MSc / BSc / Teknisk fagskule) innan elektro, automasjon eller marinteknikk
  • gode leiareigenskapar og evne til å stille krav både internt og eksternt
  • evne til å jobbe strukturert og planmessig i ein kvardag med mange parallelle løp

Kvifor velje Ulstein Power & Control?  

  • Eit framtidsretta og kompetent miljø: Du blir del av eit sterkt fagmiljø som jobbar med leiande maritime teknologiløysingar og har eit tydeleg fokus på innovasjon og berekraft.  
  • Gode utviklingsmoglegheiter: Hos oss får du fagleg påfyll, ansvar og høve til å påverke retninga på både prosjekt og teknologiutvikling.  
  • Fleksibilitet og konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr løysingar som gjer det lettare å kombinere jobb og kvardag, i tillegg til gode og marknadstilpassa betingingar  
  • Samarbeid med bransjens beste: Du jobbar tett med engasjerte, dyktige kollegaer og bidreg til å forme morgondagens maritime system og løysingar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor på Moa i Ålesund, som kan nyttast.

Søknadsfrist: 20. april – søknader blir løpande vurderte. 

Ønsker du meir informasjon om stillinga? 

Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgjevarane

  • Allette Solberg, tlf. 900 20 132
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast.  Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor Ulstein Power & Control i innleiande fase dersom det er ønskeleg.

Tiltreding etter avtale.