Ulstein Power & Control søker Senior Engineer Power Systems

Senior Engineer Power Systems ULSTEIN

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Senior Engineer Power Systems, bidreg du i eit innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som er sentralt i utviklinga av berekraftige kraftsystem til nybygg og retrofit. Har du erfaring med, eller ønske om å arbeide med DC og/eller MV system vil det være en fordel.

Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Senior Engineer Power Systems vil du få mulighet til å delta aktivt i utvikling av løysningar knytt til det grøne skiftet. Du vil delta i utvikling av framtidig Powerarkitektur og få ansvar for engineering, oppfølgning og kontroll av prosjektleveransar.

  • Andre relevante arbeidsoppgåver er
  • systemintegrasjon av Power- og automasjonsløysingar
  • design og oppfølging av Powerløysingar
  • teknisk støtte til serviceingeniørar

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innen elektro. Du har ein god forståing og interesse for marine kraftsystem og automatisering, samt kjennskap til skipssystem og maritim industri. Teknisk erfaring fra skip blir vektlagt, men vi vil også vurdere nyutdanna.

Videre ser vi for oss at du har

  • kompetanse på kortslutningsberekningar og selektivitetsanalysar
  • gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar

Ulstein tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Lytt til Peter Pilskog og Rolf Ottar Rovde fortelle mer om stillingen og bedriften her:

Søknadsfrist: 6. mars 2024 – søknader blir fortløpande vurderte

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne

  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200,
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909

Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål blir vedlagde søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.