Valvatne Bygg søkjer dagleg leiar

Dagleg leiar Valvatne Bygg

Valvatne Bygg søkjer nå etter ein dyktig og engasjert dagleg leiar. Me har stor pågang på oppdrag innan nye einebustadar, tilbygg/påbygg og rehabilitering, og har mange spanande prosjekt på gong.

Som dagleg leiar i Valvatne Bygg vil du få eit operativ ansvar for drift og utvikling av verksemda. Du får ei allsidig og spanande leiarrolle i ei tradisjonsrik verksemd med gode framtidsutsikter. Du vil rapportere til styreleiar og inngå i leiargruppa i Valvatne-gruppa. Du vil samarbeide tett med dei andre verksemda i det daglege. Vi er ein del av Blink Hus-kjeda. 

Vi ser etter deg som kan ruste verksemda for framtidsretta tenkning og vekst, og som kan tilrettelegge for- og drive fram gode prosessar. Du ynskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar, og evner å skape entusiasme for endring og utvikling. 

ANSVAR OG OPPGAVER:

  • Overordna ansvar for produksjon, herunder erverving av tomt, utvikling av tomt, byggeprosess, ferdigstilling og salg
  • Ansvar for strategi og utvikling i regionen 
  • Motivera og leie dei ansatte
  • Ansvar for dagleg drift og økonomi
  • HMS-ansvar
  • Ansvar for å etterleve gjeldande system og rutiner

ØNSKEDE KVALIFIKASJONER:

  • Relevant høgare utdanning
  • Relevant erfaring som leiar: prosjektleiar, fagleiar, mellomleiar eller toppleiar
  • Erfaring frå bygg- og anleggsverksemd er ynskjeleg.  
  • Erfaring frå offentlege prosessar, herunder regulering og kommuneplan er en fordel
  • God økonomisk forståing
  • Ynskjeleg med erfaring frå HMS-arbeid 
  • Gode språkferdigheter i norsk og engelsk

PERSONLIGE EGENSKAPER:

  • Evner å motivere og skapa engasjement hjå dine medarbeiderar
  • Kommuniserer godt med interne og eksterne aktørar
  • Er utadvendt og liker å ta ei aktiv rolle i samarbeid med andre
  • Sterk analytisk med god forretningsforståing
  • Er initiativrik og har god  gjennomføringsevne  

VI TILBYR: 

  • Interessante og utfordrande leiaroppgåver i ei marknadsleiande verksemd. 
  • Sterke og langsiktige eigarar.  
  • Eit godt miljø i lag med gode kolleger. 
  • Ein jobb med meining: Vi bidrar til å utvikle gode bumiljø og bustadar i Sunnhordland. 
  • Storslått natur! Du vil bu og arbeida i vakre omgjevnadar i Sunnhordland. Les meir om den fantastiske regionen vår
  • Konkurransedyktige lønsvilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar og god fleksibilitet. 

Arbeidsstad vil være ved vårt kontor på Stord. 

 

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgivar Lisa Røgelstad, tlf. +47 466 51 199, rådgivar Jan Tore Hamnøy, tlf. 41 10 22 00, eller rådgivar – research & analyse Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. +47 452 53 909.

Vis di interesse for stillinga ved å registrera din CV og søknad snarest. Attester og vitnemål vedlegges søknad. Alle henvendingar blir behandla konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg. 

Søknadsfrist: 10. august 2022. Søknader blir vurdert fortløpande. 

Tiltredelse: Etter nærare avtale.